Forside
UngBlog
Aktuelt
Sport
Kultur
- Film
- Musikk
- TV
Data og spill
Utdanning
Mote og trender
Skolestiler
Infobasen
Spørrebanken
Kontakt oss

Du er nå her:  index > skolestiler>
Livets engel

Sjanger: Novelle
Forfatter: Skedaubi
Lagt ut: 11.09.04
Skriv ut:
Forside:
Endeleg aleine. Ein ny start, ein ny stad og nye menneske. No har han fått ein sjanse til å endre alt. Det er dette han har venta på så lenge no. Chris slenger seg ned på sofaen og ser seg omkring. Han har ein heil hybel for seg sjølv. Noko så fint! Det er berre eit rom, med kjøkkenkrok og eige bad då. Men det er meir enn nok. Rommet er ganske stort og, stort nok til å ha gjester.

Chris legg seg tidleg fyrste kvelden som hybelbuar, vil vere opplagt til fyrste skuledagen, men blir liggjande å lese i ei bok. Neste morgon søv han og vaknar ikkje før halv ni.

- Shit, eg skulle vore på skulen for ein halvtime sidan, seier Chris fortvila til seg sjølv. Han kastar seg på sykkelen utan å ta seg tid til å eta. I skulegarden er det heilt tomt. Han leiter seg fram til klasserommet og bankar på.

Det er berre ein pult ledig, heilt framme ved kateteret. Chris set seg ned og pakkar opp pennalet. Læraren står og fortel om timeplanen. Chris klarer ikkje konsentrere seg, denne dagen som han har gledd seg til så lenge. Han måtte jo starte slik. Chris ser seg rundt i klasserommet. Plutseleg ser han alle andleta og føler seg fanga. Her skal eg altså sitte dei neste tre åra, tenkjer Chris med seg sjølv. Han reiser seg, blir ståande ei stund med blikka deira på seg. Så spring han ut. I klasserommet brer låtten seg, og dei undrast.

På toalettet høyres ei låg kviskring. Det er Chris som er der. Han sit å talar ved seg sjølv. Heilt til det ringer til friminutt, sit han slik. Då kjem nokre av gutane frå klassa inn og høyrer kviskringa hans.

- Hey, kom ut så kan me kviskre her, ropar ein av gutane og ler rått.

Chris tek på seg maska si og går ut. Med det nye ganglaget nærmar han seg ”røykehjørnet”. Han bommar ein sigarett frå ei jente og får fyr. Chris røykjer berre når han er nervøs. Han treng noko å halde i, noko å gjere for ikkje å sjå dum ut. Chris dreg inn, og ser på gjengen rundt seg. Han merkar plutseleg at to gutar står og glaner på han. Det er dei frå toalettet. Ein panikk grip tak i han. Chris bles sakte ut og seier så tøft han klarer: “Kva er det de glanar på?” Inni seg kjenner han varmen breie seg. Den same varmen som alltid kjem når nokon ser på han. Den byrjar nede i magen og breier seg heilt opp til øyreflippane. Utanom det ser Chris heilt roleg ut, men inni han er det vilt kaos og panikk. Han spør igjen kva dei ser slik på, medan gutane nærmar seg.

- Vart du liggjande lenge i dag, Chris? seier ein av gutane med eit ironisk tonefall på “Chris”.
- Ja, det vart litt seint i går, flirer Chris nervøst.
- Kva var det så denne guten dreiv med så seint ein sundagskveld då? Hadde du ei interessant samtale med deg sjølv?
- Eh... Vel, eg las ei bok.

Dei to gutane byrjar å le høgt. No er Chris midpunktet i gjengen. Alle ser på han med nyfikne augo. Ei jente spør kva yndlingsboka hans er. Chris ser ned utan å svara, er usikker på om spørsmålet var ironisk meint. Då ringer klokka inn til time att.

Det er i storefri han fyrst legg merke til ho. Helene, barndomsvenninna frå heimbygda. Det ljose håret hennar har vokse seg heilt ned til midja sida sist han såg ho. Chris tar seg i å stirre på ho, der han sit aleine i ein krok i kantina. Det er noko magisk ved Helene, noko som tiltrekkjer seg merksemd. Ho er så levande. Smilet hennar er så fantastisk, det er det smilet som har halde Chris vaken kvar natt sidan ho flytta etter barneskulen. Det er ho han har drøymt om så lenge, men aldri trudd han skulle få sjå att . Medan Chris sit slik og drøymer seg bort, høyrer han plutseleg ei kjend stemme: “Chris? Er det verkeleg deg?” Han ser opp, og møter dei vakre blå augo hennar. Augo som gjer ho til den livlege jenta ho er. Han smiler imot ho og tenkjer: “Dette er draumen eg har venta på”.

- Så det er slik du bur altså, smiler Helene. Sånn som du har endra deg. Eg kjem i hug deg som ein liten og sjenert gut. Det er rart, tenk at det er tre år sidan sist vi såg kvarandre. Det var vel på avslutningsfesten etter barneskulen det. Det var verkeleg ein morosam fest. Synest ikkje du det?

Chris ser vantru på Helene. Det knyter seg i magen. Har ho verkeleg gløymt det? Har ho gløymt den siste skuledagen, då han vart stengd inne i bomberommet i kjellaren på skulen? Han hadde sete der heilt til festen var over seint på kvelden. Chris svelger og seier til seg sjølv: “Vær tøff no, lat som du er det i alle fall” Han ser inn i dei oppspilte augo til Helene, og veit at han ikkje kan lyge for ho. Det går ikkje å lyge for barndomsvenninna, som veit alt, men berre har gløymt det.

- Eg var ikkje med på avslutningsfesten, kviskrar han lågt.
- Kva er det du seier? Alle var då med på den.
- Nei, ikkje eg. Husker du ingen ting? Eg var stengd inne i bomberommet heile kvelden.
- Åh, unnskyld, det hadde eg gløymd. Du gøymde deg ja, det var sant.

Chris ser med overrasking på Helene. Han byrjar bli sint no.

- Gøymde meg? Er du frå vettet? Eg vart stengd inne av gutane i klassa. Husker du ikkje korleis eg vart mobba heile barneskule? At heilt frå fyrste skuledag var klassa imot meg, fordi eg likte å lese høgt i timane, fordi eg var læraren gullunge, fordi eg var flink på skulen? Du av alle burde då huske korleis eg hadde det på skulen? Korleis eg grudde meg for kvar dag?

Det blir stilt. Helene ser brydd ut. Ho sit og fiklar med eit armband. Det ligg eit spørsmål i lufta, men Helene ser ikkje ut til å ville svare. Chris merker det no, ho har gløymd han. Ho har ikkje lege vaken om nettene og tenkt på han. Ho har ikkje ofra han ei tanke før ho såg han att i dag. Dei blir sitjande der saman å sjå på film. Chris er heilt uførebudd då Helene plutseleg byrjar å kysse han. Derfor skyv han henne bort. Det var ikkje slik draumen hans var. I draumen var Helene vakker og uskuldig. No kjenner han seg berre skitten. Skal det vere noko mellom oss, må det vere ekte kjensler, tenkjer Chris, elles kan det vere det same.

- Kva er galt? Eg trudde det var dette du ville, seier Helene surt.
- Nei, eg ville berre prate litt med deg. Er det slik du trur eg er?
- Prate ja, det seier dei alle. Det er dette de vil, alle gutar er slik utan unntak.

Helene går bestemt ut og smell døra etter seg. I det same blir draumen til Chris knust. Han sit der aleine og kjenner seg einsam. Om ikkje Helene bryr seg om han, og husker korleis han har hatt det, kven er det då som bryr seg? Og om han ikkje har nokon å snakke med, le saman med, gjere ting saman med, kva er då vitsen med å leve?

Neste morgon rekk Chris skulen. Heilt frå han kjem inn grinda, merkjer han blikka. Dei hatefulle blikka og det murrande snakket. Når han seier noko i klassa, høyrer han at dei kommenterer og fnys av han. Det var greitt før, då var det berre latter og spøk. Men no er det hat mot han. Kva er skjedd? Chris er fortvila, han veit ikkje kva han har gjort mot dei. I kantina får han svaret. Ei framand jente kjem bort til han. Det lyser sinne av ho.

- Ja, det viser berre ein ting. Same kor mange bøker du les, så er du ikkje betre enn mange andre gutar. Fy faen, at det går an å handtere ei jente slik. Kva er det du trur vi er eigentleg? Leiker som du kan gjere kva du vil med? Helene ville jo berre vere med deg heim for gamalt venskaps skuld. Ho trudde verkeleg ikkje at du hadde slike tankar i hovudet. Du er eit svin, som ikkje klarer å halde fingrane av fatet. Du er ikkje verd ein drit as, og det skal du få merkje.

Chris rakk ikkje å seie eit ord i forsvar før ho var borte att. Så det er det dei trur. Det nyttar jo ingen ting. Her prøver eg berre å vere grei, likevel må dei finne på noko dei kan ta meg for. Kanskje dei har rett likevel? Kanskje eg ikkje er verd noko. Eg har ingen vener, ingen kjærast, ingen... Det må då vere ein grunn til det. Eg er ingenting. Ingenting er eg flink til, tenkjer Chris. Då merker han at Helene sit i andre sida av rommet og ser på han. Ho slår blikket ned då ho møter hans. Helene snur seg mot gjengen sin att. Chris kan høyre ho si: “Ja, ein kan vel ikkje vente seg noko betre. Eg kan huske på barneskulen...” Då reiser Chris seg og går heim.

Den kvelden sit Chris og gret. Han klarer ikkje stanse. Han gret og gret, jo meir han tenkjer på livet sitt, jo verre blir det. Ikkje eit einaste lyspunkt finn han. Før han byrja på vidaregåande, hadde håpet vore ei ny byrjing der han og fikk nye moglegheiter. Draumen om Helene hadde også vore eit håp han hadde helde fast ved. Ho som var så rein og vakker. Draumen om Helene hadde ho sjølv øydelagd. Ho nøyde seg ikkje berre med det, ho måtte også øydelegge det nye livet hans. Der han trudde han kunne få ein sjanse. Midt i alle desse tankene bankar det på døra hos Chris. Han skvett til. Kven kan det vere? Han tørker tårene og går for å lete opp. Ei jente ifrå klassa, Michelle, står der og ber om å få kome inn. Ho har langt, lyst hår, blå augo og smiler i mot han. Med eitt minnast han kvar han har sett det same smilet før, det var ho som spurde etter yndlingsboka hans.

Michelle fortel at ho har sett mykje på han sida dei byrja på skulen. No hadde ho fått høyre dei vondsinna rykta som gjekk om han, og ville vite om dei var sanne. Chris høyrde med stor undring på det ho fortalde, utan å skjøne at noko slikt kunne skje. Det var som om ein engel hadde kome for å gje han ein sjanse. Han som ikkje fortener noko. Chris fortel kva som eigentleg hadde skjedd den kvelden med Helene. Han var freista til å fortelje alt om livet sitt, om oppveksten og kjenslene sine. Men noko held han att. Han var redd for å skremme denne engelen bort. Noko så vakkert kan ikkje skitnes til med mine problemer, tenkte Chris. Så han nøyde seg med å fortelje om Helene. Resten av kvelden sat dei saman og snakka om alt mogeleg, unntatt det vonde. Chris kjende det som om nokon hadde tent eit lys i livet hans. Aldri før hadde han prata så opent med nokon. Aldri før hadde han vorte så glad i nokon på berre ein kveld.

Dei neste dagane gjekk Chris rundt med varmen frå Michelle i seg. Tanken på henne gjorde han lukkeleg. Om nokon sa noko stygt til han, let han berre augo att og tenkte på Michelle. Men det vert for tungt i lengda. Han trengte noko meir for å fortsette, han hadde ein gong før levd på ein draum, men hadde blitt skuffa. Derfor var det betre å sove inn i draumen for evig.

Ei veke seinare fann dei han død i senga si. På nattbordet låg eit brev adressert til Michelle.



Kjære Michelle - min engel

Tusen takk kjære engelen min. For det er det du er, ein engel, akkurat slik ein engel skal vere. Du er vakker, ærleg, varm, rein, uskuldig og du spreier lys rundt deg. Fyrst kunne eg ikkje få auge på engelen min, du gøymde deg for meg. Men så synte du meg lyset, og ga meg håp.

Det er med tårer i augo eg skriv dette brevet. Det gjer så vondt. Men eg synes du fortener å vite. Eg vil ikkje gje deg smerta av uvisse. Eg vil du skal forstå meg, og forstå at det er ikkje vondt for meg å gi slipp på livet. Det ville vore hundre tusen gonger verre å fortsett å leve. Eg er lukkeleg no, så no er tida inne. Eg vil behalde den lukka for evig.

Når du les dette er eg ikkje her meir. Du har gjort di oppgåve. Du ga meg livet, det må du vite. Den kvelden saman med deg, det var då eg levde. Dei timane, eg er deg evig takknemlege for at du gav meg dei. Du må ikkje tru at du er grunnen til at eg nå vil reise her i frå. Du ga meg livet, den grå verda ga meg døden.

No har eg mot til å ta det siste skrittet. Eg orkar ikkje leve meir. Det er ei kald verd eg har levd i. Englar viser seg så sjeldan. Og når dei fyrst gjer det, misser ein dei så fort or syne att....

Tusen takk for at eg fikk møte deg - livets engel

Takk for livet kjære deg.

Siste helsing frå Christian
annonser: