Forside
UngBlog
Aktuelt
Sport
Kultur
- Film
- Musikk
- TV
Data og spill
Utdanning
Mote og trender
Skolestiler
Infobasen
Spørrebanken
Kontakt oss

Du er nå her:  index > skolestiler>
Abort

Sjanger: Resonnerende
Forfatter: Kjetil Tonstad
Lagt ut: 18.09.04
Skriv ut:
Forside:
ABORT Abort har vore eit diskusjonsemne. Stridar og vald har oppstått på grunn av dette tilsynelatande problemfylte inngrepet. I dag er det nesten avisreportasjar kvar veke. Politikarar, abortmotstandarar og dei som kjempar for abort, prøver å finne ei løysing på problemet, som består i å gjere begge partar tilfredsstilte. Må abortloven forandrast? Når skal det vere lov til å ta abort, og når skal det ikkje vere lov? Kven bestemmer avgjerda? Det viktigaste disksjonsemnet er når det skal vere lov til å ta abort, og når ein skal seie nei. To punkt som eg meiner skal sikre abort, er når livet til mora eller fosteret er i fare, og når ei kvinne har blitt valdteken, då er det ikkje nok å seie at det er galt å ta liv. I det fyrste tilfellet kan ein risikere å misse to liv. Då er det betre å ta abort. Ei kvinne som har vorte valdteken vil vanlegvis ikkje ha barnet, og dersom ho ikkje kan ta abort då, kjem ho ikkje til å vere glad i barnet når det blir fødd, eller seinare. Barnet får eit ulykkeleg liv, og kvinna må leve resten av livet med noko ho ikkje vil ha, men heller ikkje kan kvitte seg med. Eit eksempel på dette er ho stakkars jenta i Irland som ikkje fekk ta abort. Abortmotstandarane kan då seie at det finst fleire hjelpeinstitusjonar som hjelper kvinner i ein slik situasjon, men tross i det har nok kvinna ei kjensle av å ha noko uynskt. Fosterskadar er eit meir diskutabelt punkt. "Sjølv om fosteret har skadar, kan ikkje det vere nok til å drepe barnet," seier abortmotstandarane. I dag kan ein tidleg sjå om fosteret har minimale eller vitale skadar. Har fosteret til dømes “Down`s Syndrom,” skal det vere nok til å ta livet til fosteret? Sjølv om fosteret har skadar, er alle like mykje verd. "Alle er fødde med same menneskeverd og menneskerettar," startar menneskerettane med. Eit foster med fleire skadar har like mykje rett til å leve som eit heilt friskt foster, men dersom fosteret kjem til å leve eit liv med smerter og kval, bør ein få lov til å ta abort, meiner eg. I ei undersøking frå 1993 viser det seg at 90-95% av 50 abortar etter 18. svangerskapsveke botnar i frykt for alvorlege sjukdommar hos barnet. Ved uynskt svangerskap kan det enten vere at prevensjonsmidlet ikkje fungerte som det skulle, eller at paret ombestemde seg etter befruktinga. Når prevensjonsmidla ikkje fungerer som dei skal, bør ein få lov til å ta abort. Eit par i 16-årsalderen bør ikkje påleggjast å oppsede eit barn. Men når ein berre ombestemmer seg, eller at det går så langt at ein bruker abort som prevensjonsmiddel, må ein eigentleg setje ei grense og seie nei. Men skal dei påleggjast å oppsede eit barn? Kjem dei til å vere mindre ulykkelege enn dei som er vorte valdteke? Sjølv om kvart menneske er like mykje verd og har like stor rett til å leve som alle andre, kan ein ikkje nekte ei kvinne i å ta abort dersom livet til barnet ikkje kjem til å bli bra. Abort er eit vanskeleg val, særskild for kvinna. Abort er inga rask løysing. Mange år etter kan vonde tankar, anger, skuld og sorg kome som sterke reaksjonar. I dag er abort eit val som hovudsakeleg bestemmast av kvinna. Skal det vere slik? Skal ikkje meininga til mannen telje? I "Holmgang" blei det spurt om akkurat dette, og då svarte 59,5% av innringarane ja til at kvinna skal ha størst rett til å bestemme. Ja, kvinna sit igjen med dei fysiske og psykiske smertene, men er ikkje også framtida til mannen basert på denne avgjerda? Bryr ikkje faren seg like mykje om barnet som mora? Å gjere begge partane i abortsaka fornøgde er ei hard nøtt å knekke. Etiske og praktiske omsyn spelar inn samtidig, og difor kan ein ikkje berre seie ja eller nei. Det sjår ikkje ut til at det kjem ei revolusjonerande løysing i den næraste framtid, men mange engasjerte jobbar med saka.
annonser: