Forside
UngBlog
Aktuelt
Sport
Kultur
- Film
- Musikk
- TV
Data og spill
Utdanning
Mote og trender
Skolestiler
Infobasen
Spørrebanken
Kontakt oss

Du er nå her:  index > skolestiler>
Forbryteres problemer

Sjanger: Resonnerende
Forfatter: Johan F. Øhman
Lagt ut: 18.09.04
Skriv ut:
Forside:
Det er godt kjent at forbrytarar møter problem når dei skal vende tilbake til samfunnet igjen. Og skodespelet til Jens Bjørneboe tek opp akkurat det problemet, eit problem som stendig blir meir aktuelt med tanke på den aukande kriminaliteten.

Hovudpersonen i “Til lykke med dagen”, Tonnie, møter tidleg i skodespillet noe som kan tolkast som eit problem: Han treffer sin gamle venn Rødtopp igjen, og kommer opp i ein situasjon som er vanleg for mange forbrytarar. Det er når dei møter sin gamle vennekrins igjen at det kan oppstå problem. Eg bruker ordet “kan”, fordi alt er avhengig av kva slags vennekrins han har, kvifor han kom i fengsel, og mange andre faktorar.
Ein som har vore i fengsel for råkjøring eller promillekjøring vil truleg ikkje gjere det samme igjen p.g.a vennekrinsen, men snarare tvert imot. På den andre sia vil ein person som er straffa for brot som er meir gjengbasert: narkotika, tjuveri, og vald, og som kjem rett tilbake til det samme miljøet, vil vere dømt til å gjere ein kriminell handling av same art ein gong til.
Men det er ikkje berre dei ein kjenner som avgjer framtida, den viktigaste faktoren er truleg samfunnet, og korleis det behandlar dei kriminelle når dei kjem tilbake. Mange vil nok seie at det er her den verkelege straffa begynnar, og tek man omsyn til at dei aller fleste tykkjer at straffene i Noreg er alt for korte, vil mange meine dette er rettferdig. I “Til lykke med dagen” møter Tonnie samfunnet gjennom arbeidsgivaren, som har dårleg erfaring med kriminelle. Og slik er det ofte i røyndommen, at når ein har blitt stempla som kriminell, er det vanskeleg å komme tilbake til folkefellesskapet igjen.
Tonnie fikk ikkje arbeid, og det heile slutta med at Tonnie gjorde noe kriminelt og ble sendt tilbake til fengselet igjen. Nå skal ein vere forsiktig med å berre skylde på samfunnet når noe går gale. Ein kan også skylde på dei kriminelle, og seie at dei fortener det. Uansett er det dei sjølv som har ansvaret for det dei har gjort, og derfor burde dei sjølv ta konsekvensane. Om dei så vil komme tilbake til eit normalt liv igjen, må dei sjølv byggje opp all den tillit dei har mista. Å skaffe seg jobb er kanskje løysinga på å komme tilbake til igjen, og her møter dei ofte veggen, fordi samfunnet ikkje vil ha forbrytarane tilbake.
Det er ikkje mange arbeidsgivarar i Noreg som vil tilsetje ein kriminell frivillig, og det er fullt forståeleg. Alle ville jo ha ærlege arbeidarar, og ikkje folk som kanskje stel frå ein. I Noreg har det i lang tid vore oppretta fleire tiltak for å hindre dei kriminelle i å gjere fleire ulovlege handlingar: Ein prøver så langt det er mogeleg å gi dei noe å gjere, som til dømes eit arbeid. Dette er ikkje alltid like lett med tanke på den høge arbeidsløysa, og at folk som sjølv er arbeidsledige kan bli irriterte over at ein bruker ressursar på å finne arbeid til kriminelle.

Sjølv med eit arbeid er ikkje alt gjort, ein vil i lang tid framover bli baktala, mistenkjeleggjort p.g.a sin fortid, og alt dette kanskje med god grunn. Statistikken viser at mange av dei kriminelle vender tilbake igjen. Kvifor? Det er det ikkje lett å svare på, kanskje er det dei dårlege forholda dei kjem tilbake til, kan hende at kriminalitet er genetisk arveleg, ein veit ikkje sikkert.

Det beste ein kan gjere da, er truleg å hindre individet i å bli kriminell i utgangspunktet, men det er ingen enkel oppskrift på det heller.
annonser: