Forside
UngBlog
Aktuelt
Sport
Kultur
- Film
- Musikk
- TV
Data og spill
Utdanning
Mote og trender
Skolestiler
Infobasen
Spørrebanken
Kontakt oss

Du er nå her:  index > skolestiler>
Reklame og likestilling

Sjanger: Resonnerende
Forfatter: Vegar B. Johannessen
Lagt ut: 18.09.04
Skriv ut:
Forside:
Vegar B. Johannessen Oppg.3 Rett som det er oppstår det her til lands debatt om den måten kvinner blir brukt som blikkfang i ulike typer reklamemateriell. Ikkje minst har bruken av store reklameplakatar i forretningar og på husvegger skapt sterke kjensler og hissig debatt. Drøft dette fenomenet og legg til slutt fram ditt eige syn på slik biletbruk. Når eg leser denne oppgåva velger eg å tolke den dithen at det her går på bruken av kvinner i reklame generelt. Grunnen til at eg har valt og tolke den på denne måten er at bruken av dei store plakatane berre er ein del av denne typen reklame der kvinner blir brukt som blikkfang. Du finner den på kino, tv, på svære husveggar i byane, du finner den i ukeblad og butikkvindauger. Nokre restauranter gjekk til og med ut med topplaus servering for å trekke folk. Dette blei møtt med avsky blant enkelte grupper. Leserbreva strømma inn til avisene og eit reklamebyrå som hovudsakeleg hadde kvinnelege tilsette, gjekk ut med ei heilsides annonse kor dei oppfordra folk til å protestere ved å sende BH-ane sine til daværande sosialminister Grethe Knudsen(Norsk Skoleblad, 32/93). Dette politiske presset har ført til at vi no har eit lovforbot mot topplaus servering. Stilen vil ta opp argumenter for og imot slik reklame som benytter seg av særdeles smekre kvinner for å framheve sitt budskap. Spørsmål som er sentrale i media vil bli tatt opp i denne teksten. Nokre av dei er: "Kva for følge har bruken av kvinnekroppen i denne type reklame?", "Er slik reklame med på å gi eit feilaktig og farleg fantasibilete av korleis kvinnekroppen skal være?" og "Fører den til slankehysteri?". Vi har både argumenter for og imot denne typen reklame der kvinnekroppen blir brukt som blikkfang. Nokon seier seg likesæle denne typen reklame der halvnakne kvinner blir brukt for å selge eit produkt. Dei som synest slik reklame er fin å sjå på er innafor denne gruppa. Eit anna argument for, er at denne typen reklame auker salet for den enkelte bedrift. Påskotte til bedriftene er at det ikkje er mogleg å reklamere for bikini utan å vere halvnaken. Nokon hevder at det er naturleg at kvinna skal by seg fram, dei meiner det gjenspegler seg i naturen blant dyra. Etter mi meining er dette gale påstandar. Eg trur det er like mykje den andre vegen, at det er hanndyra som kjempe for å få hoa si merksemd. Andre synspunkt for er at det er naturleg med skilnad mellom kjønna, og førehald mellom kvinner og menn bli dødt om vi er like. Spenninga ligg i skilnaden. Ei anna gruppe for er dei som tar avstand frå det dei meiner er eit fanatisk førehald til likestilling. Reklame som blir veldig retta mot utsjånad og kropp har mange uheldege konsekvensar. Reklamen gir oss eit feilaktig ideal av kvinnekroppen som er uoppnåeleg for dei aller fleste jenter og kvinner. Nokre unge jenter prøver så hardt å bli like tynne og smekre som modellane at dei til slutt blir syke. Tusenvis av jenter og kvinner over heile verda lider av spisevegring. Dei to mest utbredte spisevegringssykdommane er Bulimi( også kalt oksehunger), og Anoreksia. Ein anna alvorleg konsekvens er at reklame med lettkledde kvinner som blikkfang fører større aksept av prostitusjon og porno. Mange av modellane du finn i vanlege merkevare reklamar har faktisk starta karrieren sin innan pornoindustrien. Anna Nicole Smith og Pamela Anderson er to av dei. Det kan hende at eg har satt det litt på spissen men det er jo ei kjensgjerning at vi i minkande grad legg merke til, og reagere på reklame der halvnakne kvinner i bikini byr seg fram medan dei viser ymse produkt. Vi ser så mykje slik reklame at vi til slutt blir likesæle. Når vi fyrst er inne på likesæle, på Ørlandet, kor eg bur, har vi ein småbrukar med originale påfunn. På låveveggen heng han opp plakatar med ymse bodskap. Eit sitat han hadde hengande ganske lenge var: «Likesæle er det farligaste våpnet i verda». Når du tenkje på det så er det noko i det. Dette er kanskje ikkje eit eksempel kor det står om liv og daud, men det veldig viktig at vi ikkje lar reklamen bestemme kva vi skal tenkje og gjere. Med det prøver eg å seie at vi må styre reklamen, vi kan ikkje la reklamen styre oss. Det er heilt sikkert at vi har stor toleranse for reklame kor kvinner vert brukt som blikkfang. Under EU-kampen blei det brukt sterke virkemidla for å få folket til å velge side. Nei-sida hadde ein kampanje kor dei sette opp ein bonde og ei ku stort format i papp. Den kampanjen blei stoppa fordi regjeringa konkluderte med at pappfigurane var trafikkfarlege. Det vakte sterke reaksjoner frå Nei-sida. Korleis kunne regjeringa fjerne pappfigurar av kyr mens dei lot halvnakne damer i king size format henge på bygårdsveggar. Samstundes blei det slutta at fleire bilistar hadde køyrd i grøfta som følgje av «kvinna i bikini». Skal ein trekke ei slutning av dette må det vere at vi har mykje høgare toleranse for kvinna som blikkfang, enn tildømes kua. Etter mi meining er alle disse faktorane med på å halde likestillinga nede. Og det at likestillinga blir held nede fører til enda større skilnad mellom kvinner og menn. Dette kan gi seg utslag i tildømes jobbsituasjon. Det kan hende at eg setter det på spissen, men det er jo ei kjensgjerning at det i mange jobbar er skilnad når det gjelder posisjon og løn. Det er tildømes mange fleire menn enn kvinner i leiarstillingar. Og det er jo ein realitet at kvinner og menn i nokre jobber er ulikt løna for likt arbeide. Til no har eg i hovudsak konsentrert meg om reklame der kvinna er lettare avkledd. Men det er kjønn i reklamen selv om kvinna ikkje er halvnaken. Avsnittet under vil i hovudsak dreie seg om dette. Kva for kjønnsroller finn vi i reklamen? I ein innhaldsanalyse av kjønnsrollar i vekebladreklame, har Marian Flick frå Senter for Mediaforskning omtalt kjønnsrollane på følgjande måte: «Som venta vises kvinna minst når produktet er beregna på offentleg forbruk og når annonsa bruker offentlege situasjonar. Når eit «nærprodukt» skal selgast ved hjelp av ein intim situasjon er kvinna eit nyttig medium.» Ho seier også at kvinner i reklamen ofte er yngre enn 30 år, og at dei viktigaste egenskapane som krevst for rollen er omsorgsinnstilling og familieorientering .Det er også viktig at ho viser avhengighet av mannen. Mannen skal derimot vise seg uavhengig av kvinna. Ho konkluderer med at kvinnas synleghet i «annonseverda» er knytta til private situasjonar, husheldningsaktivitetar, kommunisering ved mimikk og glade, ubekymra andleteuttrykk. Ein av «dum og deilig, samstundes som ho byr seg fram» reklamane, som går no er Super Sport sin. Plakaten er eit bilde av ei lettkledd jente med sløra blikk og utfordrande positur. Oppe i høgre hyrne finn du kjærestens snakkeboble: Same reklamen finn du på tv med hoftevrikk og forførande framferd. Dette er berre ein av mange liknande reklamar kor du igjen og igjen finn dama framstilt som ein ting du kan bruke.......og kaste. I klassen min hadde vi for ei stund tilbake ein debatt om denne typen reklame. Det eg observerte den gongen provoserte meg. Det gjekk fram av den diskusjonen at veldig mange av jentene i klassen var opptekne av likestilling. Men da dei blei spurde kva dei synest om reklame der kvinnekroppen blir brukt for å selge eit produkt, svara dei at det ikkje brydde dei så lenge det ikkje var dei sjølve. Det meiner eg er sjølvmotseiande. På den eine sida var dei opptekne av at det skulle vere likestilling, samstundes dei på den andre gav blaffen. Etter mi meining er det et håplaust standpunkt. Er ein oppteken av at det skal vere likt mellom kvinner og menn kan ein ikkje seie seg likesæl i slike spørsmål. Etter mi meining er denne type reklame med på å halde likestillinga tilbake. Marcel Aymè sa ein gong, eg siteter: «Det er ikkje nødvendig å motseie kvinnene, det sørger dei for sjølve.» Etter mi meining gir dette eit godt bilete av situasjonen. På den eine sida har dei sterke meininger mens dei på den andre seier seg likesæle. For at det skal verte full likestilling er det etter min meining viktig at jentene engasjerer seg å står på. Samstundes må gutane gjere sitt beste dei og. For det er jo som sagt ei kjensgjerning at det er visse skeivheter i samfunnet. Eit steg i riktig retning hadde kanskje vore å avskaffa all kjønnsdiskriminerande reklame. Som ei ending vil eg sitetere Kim Schumachers definisjon på reklame: «Reklame: Stans i folks hjerneaktivitet lenge nok til at ein stel pengane deira»
annonser: