Forside
UngBlog
Aktuelt
Sport
Kultur
- Film
- Musikk
- TV
Data og spill
Utdanning
Mote og trender
Skolestiler
Infobasen
Spørrebanken
Kontakt oss

Du er nå her:  index > skolestiler>
Gi ungdommen prøvetid

Sjanger: Resonnerende
Forfatter: Johan F. Øhman
Lagt ut: 18.09.04
Skriv ut:
Forside:
Det er stadig store oppslag i avisene om ungdom som er involverte i trafikkulukker. Som regel er høg fart og alkohol med i bilete. Det er truleg desse skrekkoppslaga som har ført til at Kari Midtland kjem med forslaget om å gi unge bilførarar prøvetid. Men det er ikkje berre prøvetid ho vil ha gjennomført, også forbod mot nattkjøring i helgane, forbod mot å ha meir enn to passasjerar, promillegrense på 0.00 og kun kjøring med merkte bilar.
Forslaget til Midtland om prøvetid er utydeleg. Vi har allereie i dag ei ordning blir, med ei prøvetid på 2 år. Hvis førarkortet ditt blir beslaglagt innan 2 år etter at du har fått det, må du ta heile oppkjøringa opp att.
Føremålet med prøvetid må vere å skremme ungdomen til å kjøre meir omsynsfullt. Men kva det verkelege resultatet av denne ordninga er svært vanskeleg å seie. Men eg har ei kjensle av at ungdomen ikkje tenkjer eller bryr seg om denne “trusselen” når dei kjører.
Eit mykje meir radikalt forslag er: Forbod mot nattkjøring i helgane. Forslaget skal truleg hindre ungdomen i å kjøre på dei tidene da det statistisk sett er størst sjanse for at unge sjåførar blir innblanda i ulukker. Dette kan kanskje dempe ulukkene, men det er også diskriminerande. Desom man forbyr unge til å kjøre i natta berre fordi dei kjører for fort, må man også forby “pensjonistar” å kjøre om dagen fordi dei kjører for sakte. Ein skulle tru at ungdomen i dag er meir skikka til å kjøre enn mange eldre bilførarar. Berre for eit par år sia var det nok med berre ein brøkdel av den opplæringa som kreves i dag, ein skulle da tru at sjåførane i dag er beitre, fordi ungdomen får opplæring i nattkjøring. På den andre sida har eldre sjåførar meir erfaring og heller ikkje same ønskje om å oppsøkje fart og spenning. Eit anna punkt som talar imot eit forbod mot nattkjøring er problemet som oppstår når ein skal gjennomføre dette i praksis. Tross alt er det ikkje berre “festfolk” som kjører etter kl. 23.00. Nokre arbeidar også. For dei oppstår det problem når dei skal heim: Ein ung taxisjåfør, må han stoppe taxien og gå heim når klokka blir 23.00?? Skal straffa for å kjøre om natta være bøter, eller konfiskering av førarkortet? Forslaget om nattkjøring er urealistisk og vil nok ikkje bli gjennomført, sjølv om eg ikkje ser bort i frå at eit slikt tiltak kan redusere antall ulukker. Det neste forslaget som Midtland kjem med er å innføre forbod mot meir enn to passasjerar i bilen. Tanken bak dette er å avgrense skadane ved eit eventuelt “smell”, men også å hindre bilen i å bli eit lite festlokale -eit lokale som lett kan kome opp i stor fart. Men å setje ei avgrensing ved 2 passasjerar er ingen løysing, for til skilnad frå førre gongen så gjeld ikkje dett berre om natta i helgane, men også resten av veka. Dette vil etter alt å døme ikkje skapa noko anna enn mange lovbrot, for er det er ikkje mange som vil følgje ein regel som de fleste tykkjer er “sløv”. Dersom ein skal hente 4 personar må ein da kjøre dobbelt så langt om ein skal følgje dei “nye” reglane. Dobbelt så mykje kjøring fører ikkje til mindre ulukker, snarare tvert imot.
Det forslaget som truleg er det som vil skape minst rabalder er tanken om å setje ned promillegrensa til 0.00 %. Det kjem ikkje fram av teksten om Midtland meiner at 0.00 % grensa berre skal gjelde for ungdomen eller for alle ? Det er diskutert på høgt nivå om å innføre denne loven for alle. Fordelen med ei 0.00% grense er at det blir kraftig markert at alkohol og bil ikkje høyrer saman. Dette vil sannsynlegvis føre til at ein ikkje drikk noko, i staden for å drikke akkurat så mykje at ein trur ein er under 0.5 %. Ulempa med nullgrensa har vore at bl.a nokre medisinar kan gi svake utslag og ein er også ueinig i kor mykje 0.1% påverkar kjøringa.
Dette forslaget er det beste til Midtland, og også einaste som lar seg gjennomføre i praksis.
Det siste framlegget er at ungdomen skal kjøre rundt i merkte biler. Meininga med dette er å gjere det lettare å kjenne igjen og unngå dei “farlege” bilistane, akkurat same prinsipp som når ein merker bilane med ein “L” ved øvingskjøring. Her oppstår det nye praktiske problem som gjer det vanskeleg å gjennomføre. Særleg trur eg at mange ikkje gidd å setje på eit merke kvar gong dei skal ut å kjøre. Mange vil nok tykkje at det er “flautt” å kjøre rundt med eit merke på bilen.

Det blir stendig fokusert på ungdomen i trafikken, og ein får lett ei kjensle av at det er berre dei som skaper trafikkulukker. Men også mange eldre personar kan ikkje kjøre bil. Eldre ser mykje dårlegare, reagerer seinare, tenkjer mindre. Da skulle også desse reglane gjelde for “pensjonistane” i trafkken. Kari Midtland har nokre interessante forslag som truleg vil dempe ulukkene noe, men forslaga er for drastiske -noko som gjer det vansklig å gjennomføre.
annonser: