Forside
UngBlog
Aktuelt
Sport
Kultur
- Film
- Musikk
- TV
Data og spill
Utdanning
Mote og trender
Skolestiler
Infobasen
Spørrebanken
Kontakt oss

Du er nå her:  index > skolestiler>
Bøllar!

Sjanger: Novelle
Forfatter: H. Peter
Lagt ut: 18.09.04
Skriv ut:
Forside:
Eg riv av gammal tapèt. For mange år sidan klistra nokon opp denne tapèten og tenkte at dei var med i tida. Så kjem det framandfolk og riv han av att. Stygge fargar! På hi sida av rommet er det ikkje betre, der har mor mi malt veggane fiolette. Eg vantrivast. Leietakrane før oss må ha røkt som berre faen.
Det dryss sagflis som samlar seg i haugar langsmed listene. Eg ropar: -Kvifor lilla? Mamma mumlar noko frå kjøkkenet. Eg høyrer ikkje etter. Uansett svarar eg at eg skal bestemme over mitt eige rom. Eg må nyse. Malinglukta leikar med nasehåra og nyset rungar i veggane. Mor mi prøver å vere morosam og seier prosit. Nokre stader har dei brukt lite lim og tapèten løsner lett. Det kjem blyantstrekar til syne; strekar og pilar, nokre reknestykker og nærmare golvet og sagflishaugane ser eg nokre strekmenn. Mamma klager over at ho har gått tom for maling. Sjølvsagt må eg gå på butikken etter meir. -Merr! Utgangsdøra lager ein fæl lyd når ho går att.
Ein totalt bortkasta sumarferie går mot slutten. The End, tenker eg mens eg går inn i solnedgangen etter meir maling. Tankane svirrar rundt i hovudet. Kva slags farge var det? Eg kjøper ti liter svart beis. Utanfor har ein gjeng ukjende gutar samla seg. Tankane fer fortare. Dei er ufarlege, dei er veike. Det er sikkert dei vordne klassekameratane mine. Eg er trøysta. Ein av dei byrjar straks å briske seg: -Kor kjem du ifrå då? Eg spyttar i asfalten. -Har du flytta hit? Tom for spytt. Det hastar å finne på noko å seie. -Eg må heim. -Aha! Ei byhore! Seier dei høgt bak meg. Ein fot kjem i vegen og eg snublar.
Spannet opnar seg og asfalten blir sortere enn før. I rein ilske slenger eg siste rest etter nærmaste guten. Det blei stille. Guten, den største, snur seg rundt og mottar sympati frå dei andre. Gunnar het han og han var tydelegvis leiaren. Gutane kjem fram og sparkar meg. Ikkje hardt. Det tør dei ikkje. -Kva seier du til å vere med å gjøre bøll i kveld? seier plutseleg Gunnar.
-Men du tør vel ikkje det du!
-Jo, det er vel ikkje noko gale med nervane, men kva skal de gjere då?
Gunnar tok ordet igjen: -Lars Fredrick har fått tak i noko sprayboksar, så vi skal tagge litt.
-Øhh! Noko så keisamt! Men eg kjem, eg! stadfesta eg.
Dei tok ein bensinstasjon. Lars Fredrick fann fram boksane og dei byrja riste og spraye noko kluss. Ein stein. Ein stein, og eit vindauge. Eg kasta steinen igjennom det og alarmen gjekk og eg løp. Eg løp inn i solnedgangen og lo.

annonser: