Forside
UngBlog
Aktuelt
Sport
Kultur
- Film
- Musikk
- TV
Data og spill
Utdanning
Mote og trender
Skolestiler
Infobasen
Spørrebanken
Kontakt oss

Du er nå her:  index > skolestiler>
Å bli gammel

Sjanger: Intervju
Forfatter: Jon Anders Midthun
Lagt ut: 18.09.04
Skriv ut:
Forside:
Det er mørkt ute no, hausten har allereie sete sin farge på lauvet som for lengst har falle av trea. Ute blæs det, og den kalde nordavinden ber med seg ufyselege sluddbyger. Eg har nettopp fått i oppdrag å gjere mitt fyrste intervju som journalist for Sognabladet, med eit pensjonistpar i syttiåra, Helga og Ragnvald Birkeland. Dei bur på eit nedlagt småbruk inst i ein trong vestlandsfjord, og etter mykje om og men er eg endeleg framme.
Medan eg ringjer på dørklokka, kjem ei lita og rund bestemor fram i døropninga og tek blidt i mot meg. Mellom beina hennar titter ein søt liten hund sjenert opp på meg. Innanfrå kjenner eg lukta av nysteikte vafler og kaffi, og eg ser verkeleg fram til å få i meg ein matbit etter den strabasiøse ferda på smale fjord-vegar. Eg helser på Ragnvald, ein syttisju-årig pensjonert sauebonde som blei innkald til audiens på Slottet for å ta i mot kongens fortjenstmedalje i gull. Det er forresten det fyrste han viser meg og fortel meg om. Ikkje rart han er stolt, han har tross alt arbeidd på garden han voks opp på sidan han var i tiårsalderen.
-Du får helse på hunden vår, Peik. Han pleiar og vere så oppspilt når vi har besøk, men nå er han visst sliten. Du skjønar, vi var ute og gjekk tur i stad og Peik er blitt veldig gammal stakkars, sa Ragnvald med ei litt trist stemme.
-Vel, han er da framleis i live, så ta ikkje sorgene på forskott, sa eg litt oppmuntrande.
Etter kort tid kjem Helga inn frå kjøkkenet med kaffi og vaflar , og spør ein heil del om slektskap før eg begynner intervjuet. Ho blei verkeleg interessert i å høyre om bestefar Mathias frå Finnstad som visstnok hadde vore tenestegut på garden til foreldra hennar.
Eg bestemmer meg for å begynne rett på sak:
-Korleis har det eigentleg vore å bli gammal? Helga og Ragnvald sjår litt fortvivla på kvarandre, før Helga svarar.
-Då eg var lita jente var det slik at dei gamle vart buande på gardane dei kom frå. Dei blei tatt godt vare på, så den gongen syntest eg det skulle bli fint som gammal. I dag er derimot situasjonen heilt annleis. No bur det nesten ingen i bygda, mesteparten har flytta ned til byen eller til andre større byar, sukkar ho. Ragnvald fortset:
-No er det jo også ein gong slik at vi ikkje har ungar. Dessutan var eg einebarn og Helga hadde berre ein bror som døydde tidleg utan avkom. Derfor har vi sant å si ingen slektningar lenger, berre fjerne, og dei kjem aldri på besøk. Eg blei heilt paff. Akkurat der og da visste eg ikkje korleis eg skulle fortsette. Ingen slektningar som besøkte dei? Det var praktisk tala umogleg for meg å førestille meg, eg som kom frå ein stor familie. Eg kunne høyre veggklokka tikke og det blei ganske stille ei stund. Etter litt fekk eg samla tankane, og mitt neste spørsmål var korleis dei fekk tida til å gå.
-Eg likar å hogge ved og drive med litt epledyrking om sommaren, og om vinteren har eg meir enn nok med snøbrøyting, seier Ragnvald ivrig. Helga er visstnok ein aktiv vevar, ein hobby ho har hatt sidan ho var lita jente.
-Klokka er sju, vi må skru på TV-en og få med oss Dagsrevyen! seier Ragnvald plutseleg.
-Du får berre unnskylde oss, men akkurat det må vi berre ha med oss kvar kveld! ler Helga. Som journalist har eg ingenting imot det sjølv, og benkar meg framfor fjernsynet. Då værmeldinga omsider er over, har Helga sovna, og Ragnvald vekker ho. Ho reiser seg frå sofaen og ler litt for seg sjølv, før eg held fram med neste spørsmål:
-Blir det ikkje litt kjedeleg her heime, kunne dykk ikkje heller tenkt dykk å få ein gamleheimsplass? Responsen blant ekteparet Bjerkestrand er heller laber:
-Det er det siste vi gjer saman, det kan eg banne på! gnistrar Ragnvald.
-I og med at vi bur to i lag, så synest eg det er mest riktig å bruke den siste tida av livet på kvarandre., seier Helga fortruleg.
Tida har gått utruleg fort, og klokka har allereie passert halv ni.
-Skal eg kome meg heim att i tide må eg berre dra, sjølv om det har begynt å snø ute. Eg takkar for intervjuet, og ynskjer dei alt vel for fram-tida.
Til slutt tek eg eit bilete av dei to på trappa framfor inngangsdøra. Dei smiler blidt, og ber meg kome heim til deg fleire gonger. Det var jo så koseleg, så det skal eg jammen gjera!
annonser: