Forside
UngBlog
Aktuelt
Sport
Kultur
- Film
- Musikk
- TV
Data og spill
Utdanning
Mote og trender
Skolestiler
Infobasen
Spørrebanken
Kontakt oss

Du er nå her:  index > skolestiler>
Håkon den Sterke

Sjanger: Fortelling
Forfatter: Johan F. Øhman
Lagt ut: 18.09.04
Skriv ut:
Forside:
I ti år hadde Haakon den Sterke vore på vikingeferd i Vesterled. Interessa for tokt hadde blitt mindre med åra, og nå hadde han bestemmt seg for å dra heim til sitt eige rike på Hadeland. Rikdom hade han røva i form av smykke, gull, pels og våpen. Han hadde dessutan røva ei kvinne ved navn Maria, som han hadde teke med seg for at ho skulle bli hustrua si. Maria var kristen, men Haakon hadde planar, ho skulle avseie seg sin kristne tro og dyrke dei Norrøne gudar. Nicolaus var ein irsk prest og hadde lidd same SKJEBNE som Maria. Nikolaus var tatt til fange, han skulle brukast til skjold, fordi dei kristne irlendarane var redde for å drepe ein prest i kamp. Reisa heim var planlagt til juni månad fordi skipa hadde eit fribord på kun 3 1/2 fot, mot normalt 5 fot. Dette var fordi skipa var så tungt lasta med gjenstandar. Reisa starta fra Djuplinna (Dublin). Langs den skotske vestkyst gikk reisa fint. Problemet var Pentland Firth, eit frykta sund på grunn av sine sterke straumar. Sjølv dette problemet, mestra Haakon på ein særdeles fin måte. Snart hadde han Lindesnes i sikte, og segla nokre dagar seinare opp Bragerøyfjorden. Haakon slo leir ved Bragerøyfjorden, og nå samlet han sine menn til råd. Reisa videre innebar at dei måtte passere forbi Kong Rings Rike, og Kong Ring var Haakons verste fiende. Fjadar var ein av mennene i Haakons teneste, som tidlegare hadde tent Kong Ring, men fall i unåde. Rådet bestemte nå å ro opp til Tyrifjorden, og så sende ut nokre menn med Fjader i spissen til å speide. Kvart år etter at høystinga var over, brukte Ring å halde fest, og da var vakthaldet mykje svakare ved Hønefossen der Ring hadde sin borg. Dette tenkte Haakon å nytte seg av, da han var underlegsen med sine 150 menn. Speidarane hadde nå komi tilbake, og funnet ut at festen tok til ved første fullmåne. Då kunne Haakon kanskje med hell ta seg forbi Rings folk utan å bli oppdaget. Det blei fullmåne og Haakon starta sin farefyllte veg gjennom Ringerike. Skipene måtte trekkjast langs flodkanten, da motstraumen var for sterk. Plutsleg får ein av Haakons menn ein pil i brystet, og fell om. Oppe på ein bakketopp synest ein av speidarane til Ring. Fjader og nokre andre tek opp jakta. Etter eit par minuttar når Fjader igjen speidaren. Han tryglar Fjader om å vise nåde. Men han visar ikkje nokon nåde, og svingar sitt sverd horisontalt gjennom brystet på speidaren, som fall til bakken. Dei skundar seg tilbake til Haakon og hans menn, som akkurat nå har trukket skipet forbi Hønefossen og opp i Randsfjorden. Nå var det berre å seile vidare heimover. Ferden over Randsfjorden gjekk utan nokon som helst problem. Da dei kom heim til Grymyr, måtte dei gå 7 fjærdringar til fots for å komme til Steinborgen. Men Haakon den Sterke fekk ein hest. Nå blei det stor fest for Haakon, og han fekk helse på sine brør, som han ikkje hadde sett på 10 år. Den eldste av dem var Halfdansk den Svarte, som hadde regert i riket til Haakon under hans tokter i Vesterled. Halfdansk fortalde at Ring hadde erobra Hadestua sør i riket, men han hadde ikkje vori i stand til å ta det tilbake. Nå skulle dei saman gå til angrep på Rings folk i sør. Kristenfolket måtte ut av Haakons rike. Sju dagar etter heimkomsten til Haakon gjekk dei til angrep med 300 mann på rike til Ring. Det blei ein lett sak for vikingane, som først hadde styrkt seg med mjød føre angrepet. Nesten ikkje ein einaste av Rings menn overlevde, fordi Haakon syntast at kristenfolk ikkje fortjente å leve. Hadeland var nå renska for kristendommen, og de vende heimover mot Steinborgen til Haakon. Eit år seinare hadde Kong Ring samla ein stor styrke for å innta borgen til Haakon den Sterke. Ring hadde hjelp av Kong Rome frå Romeriket, Kong Rane frå Raneriket, og sin fetter Kong Ring fra Ringsaker. Forsvararane til Haakon innsåg at det såg håplaust ut, men ein viking gir seg ikkje uten strid. Kampane tok til og blodet flaut på begge sider. Haakon hadde trukke seg tilbake til Steinhuset, som var den sterkaste delen av borgen. Han kunne både sjå å høyre at folka hans blei trungi attende. Etter fire timars kamp kom Fjader inn og fortalde at nå var alt over. Kort tid etterpå kom hans fiende inn. "La oss gå til kamp",skreik Haakon til Ring. "Eg har ikkje som mål å drepe deg",sa Ring. "Eg har blitt kristen, og ønskjer deg ikkje noko vondt. En kristen kan tilgi." Haakon greip etter sverdet og angreip Ring. Etter ein kort kamp blei han pressa opp mot veggen med Kong Rings sverd mot sin hals. "For siste gong Haakon",sa Ring. "Hvis du overgir din heidniske tro og gjer ein gjerning som provar at du er ein sann kristen, skal du få gå fri" "Det ser ut til at eg ikkje har noko val",sa Haakon. "Eg skal overgi min tro på Odin og Tor, og som bevis på det skal eg byggje TO kyrkjer på bakketoppen der borte", sa Haakon. Dei skal heite Nicolaus og Maria, etter min slave og kona mi Maria, som begge er kristne. "Så var Noreg's siste konge kristna"
annonser: