Forside
UngBlog
Aktuelt
Sport
Kultur
- Film
- Musikk
- TV
Data og spill
Utdanning
Mote og trender
Skolestiler
Infobasen
Spørrebanken
Kontakt oss

Du er nå her:  index > skolestiler>
Ei historie om kjærleik

Sjanger: Fortelling
Forfatter: Eystein Jarp
Lagt ut: 18.09.04
Skriv ut:
Forside:
Ei historie om kjærleik "Ei napoleonskake og ein kopp kaffe". Eg sette meg ved det vanlege bordet i hjørnet. Ho var der i dag og. Satt og røykte og leste avisa som vanleg. Ho var den flottaste jenta eg nokongang hadde sett. Eg måtte komma i kontakt med ho. Men korleis? Å komme i kontakt med folk var noko av det vanskeligste eg visste. Eg åt opp kaka mi og venta til ho blei ferdig med avisa si. Ho brukte alltid ti minutt på avisa og røyken, og det gjorde ho no og. Eg reiste meg frå plassen min i det ho passerte, og så fulgte eg etter ho. No visste eg akkurat kva ho gjorde. Ho ville sette seg på ein spesiell benk i parken og mate småfuglane med brødsmular. Eg fulgte ho inn i parken. Ho sette seg på benken og drog opp posen med brødsmular. Skulle eg sette meg ved sia av ho og byrje prate med ho? Eg gjekk sakte mot ho. Skulle eg? Ja. Eg skulle. Eg bestemte meg for å sette meg ned. Eg gjekk rakt forbi benken og ut av parken. Kvifor torde eg aldri sette meg ned? Eg visste akkurat kva eg skulle seie. Eg skulle seie "hei", og ho skulle seie "hei". Så skulle eg seie: "Fint ver i dag ja?". Og etterpå ville samtalen gå lett som ingenting. Eg gjekk heim. "Ei napoleonskake og ein kopp kaffe". Eg sette meg ved det vanlege bordet i kroken. Ho var der i dag og. I dag skulle eg gjere det. Eg skulle sette meg ved sia hennar på benken. Nei, eg fekk ein betre ide. Eg tok kaka og kaffen min og gjekk bort til bordet hennar. "Er det ledig her?". "Ja, berre sett deg ned", sa ho. Det vert stille. Eg tenkte meg om. Kva skulle eg seie? Eg kunne ikkje seie hei no. "Fint ver i dag", sa eg. "Nei, har du sett ute?" sa ho, "det regnar jo". Det hadde eg ikkje tenkt på. Kva om det ikkje var fint ver? Eg blei nervøs. Kva skulle eg seie? Ho redda meg. "Bor du i nærheten eller har du berre kontor her?". "Eg bur rakt nedi gata her", sa eg, "enn du?". Eg visste alt svaret. Ho jobba hos eit firma som heitte Kaaby & sønn a/s. Dei heldt til i Gulla bygget. Eg visste og at ho tok halv tre bussen frå eit busstopp like utanfor døra til kontoret. "Eg har kontor eit lite stykke frå her", sa ho, "Kaaby & sønn". "Å", sa eg berre. Vi prata ei stund om alt muleg rart. Ho fortalde meg at ho hadde ein grå grønlandshund, at ho lika opera og at sjefen hennar var ein drittsekk. Eg lika ho berre meir og meir. Etter ei stund sa ho: "Eg må nok byrja bevege meg. Slår du følge eller?". Eg reiste meg. "Gjerne", sa eg. Det hadde slutta og regne. Vi gjekk mot parken. Det lyse håret hennar blafra i vinden lik eit silkesjal. Eg kjende kor varm eg vert inni meg når eg såg på ho. Dei blåe auga hennar såg ut som lysande iskular, og munnen hennar var ildraud. Eg kjente kor forelska eg var. Vi nærma oss benken. Ho gjekk rakt forbi han. "Skal du ikkje sette deg ned?" sa eg. Ho såg uforståande på meg. "Har du holdt utkikk på meg eller?" sa ho. Eg blei forskrekka. Kva skulle eg seie? Eg hadde allereie sagt for mykje. Kva ville ho tru om meg? Eg fekk berre la det stå til. Eg fortalde ho at eg hadde sett på ho den siste månaden. At eg ikkje hadde tora å snakke til ho, men at eg hadde vore hodestups forelska i ho. Ho såg ikkje ut som ho trudde meg. "Vil du være med ut å spise middag i kveld?" sa eg. "Eg er ikkje heilt van med slike situasjoner", sa ho, "eg har aldri opplevd ein sånn situasjon før faktisk". "Si ja da", sa eg. Ho drog litt på det, såg nesten ut som om ho ville seie nei, men så sa ho ja. "Så er det ein avtale då", sa eg. Ho måtte gå. Vi gjekk kvar for oss. Ho til kontoret for å gjere ferdig dagens arbeid for den drittsekken ho hadde til sjef, og eg heim for å avgjere kva eg skulle ha på meg den kvelden. Vi fann tonen med ein gong den kvelden for ni månader sia. I dag skal vi gifte oss. Vi har blitt fortald at vi er det første lesbiske paret som giftar oss i heile byen, og vi måtte leite lenge før vi fant ein prest som var villig til å vie oss. Foreldra hennar virka ikkje som om dei var heilt sikre på kva dei skulle synast om at ho hadde ein jenteven, men dei sa ikkje noko, og dei kjem til bryllaupet. Foreldra mine er berre glade. No er det like før vi dreg til kyrkja. Eg gleder meg. Eg har venta på denne dagen heilt sida fyrste gongen eg såg ho. Endeleg er den her. Dette er vår dag. Berre vår dag.
annonser: