Forside
UngBlog
Aktuelt
Sport
Kultur
- Film
- Musikk
- TV
Data og spill
Utdanning
Mote og trender
Skolestiler
Infobasen
Spørrebanken
Kontakt oss

Du er nå her:  index > skolestiler>
Idrett

Sjanger: Essay
Forfatter: TorÅge Bjelland Eikerapen
Lagt ut: 18.09.04
Skriv ut:
Forside:
Idrett? I de fleste samanhengar blir idretten og idrettsfolk framstilt som de ærlege, sunne og heltemodige. . Mange hevdar at idretten er samfunnsbyggjande og ein viktig moralsk påverkingsfaktor for oppveksande generasjonar. Og det er kanskje derfor en så stor del av befolkninga samlar seg framfor tv skjermen helg etter helg, for nok ei gong få stadfesta ,- jau me er best. Men rett som det er blir vi konfrontert med saker som syner at idretten og idrettsfolk kanskje ikkje er så annleis enn oss andre likevel. I Noreg har me vært skåna for dei største skandalane, men det kapitalistiske råkjøret er like mykje tilstade her som i resten av verda. Det som i nokon grad skilje oss frå andre land i den samanheng, må være naiviteten. Lite gjer meg meir kvalm enn den norske heltedyrkinga av idrettsfolk. Johan Olav Koss, Bjørn Dæhlie og Vegard Ulvang er ikonar på den norske høymoral og folkesjel. Ved å identifisere seg med desse personane så følar me at me er ein del av noko, noko som er reint og fint, noko me kan være stolte av. Men er det så mykje å væra stolt av? Representerer verkeleg idretten anno 1997 verdiar som me kan vere stolte av, gjer den oss grunn til å gå med nosa i sky? Idretten i dag består av to viktige faktorar som bør gi oss ein grunn til å kaste eit kritisk blikk på kva for nokon verdiar idretten eigentleg formidlar. Den viktigaste faktoren, som kanskje får størst konsekvensar for den som blir råka - er vinnerkulturen. ”2.place is the first looser”, å delta er ikkje nok, ein skal væra ein einer- alltid. For den som ikkje er god nok er idretten nådelaus, her er det prestasjonane, ikkje personen som teljar. Aham Okeke ble tatt i doping Jula 1994, urintesten viste at han hadde tatt ei pille eller sprøyte som han ikkje skulle tatt. Okeke hevdar at han er uskyldig. Men det hjelpe ikkje, i tillegg til utestenginga frå konkurransar, har Okeke blitt utstøytt frå heile det gamle miljøet i BUL, klubben han representerte i 9 år. Dei gamle klubbkameratane snur seg bort når dei treffe han, han er stroke i frå alle listar. Når han var på topp var han god nok, han var ein kamerat, han var akseptert. Nå er han ein tapar, han har mista alt, utdanningsstipendet, studieplassen og ”kameratane” i BUL. Er det den sanne idrettsånda, forherligelse av vinnaren og utstøyting av taparen? Idrettens vekt på konkurranse og å sprenge grenser passar godt inn i det moderne samfunn si utviklingstru og framstegsoptimisme. Vitskap og teknologi ligge i botnen, og moderne kunst og idrett blir dei viktigaste symbolske uttrykk for dette evig foranderlege og grensesprengjande. Det olympiske motto "høgare fortare sterkare" var under hele OL- forberedinga adoptert av Statoil i deires annonsekampanjar. Idrettens heltar blir såleis konvertible til næringslivet interesser, og betalinga er sponsormidlar. Idretten er underholdning for dei store massane, for den vanlege mann i gata. Dei store multinasjonale selskapa har eit bodskap som dei vil at dei store massane skal oppfatte. Bodskapet er enkelt: kjøp meir, kjøp meir, kjøp meir. Idretten er blitt eit reiskap for å frambringe bodskapet, idretten har appell hos forbrukarane, den har og noko som dei andre påverkningskanalane ikkje har,- idretten har eit alibi, ei sunn sportsånd. Og ved hjelp av den sunne sportsånda selje Coca Cola til gull og blir endå rikare, mens u- landa bare blir fattigare. De store internasjonale sportsbegivenhetar fungerer som det som blir kalla "verdslege ritual", der grunnleggjande verdiar kommer til uttrykk. Dette er i og for seg akseptabelt dersom ein meiner at tid og ressursar skal brukas på denne måten. Men dersom man setter spørsmålsteikn ved idrettens verdiar, må ein og settje spørsmålsteikn ved den samfunnsform som gjør dette mogleg og ønskeleg.
annonser: