Forside
UngBlog
Aktuelt
Sport
Kultur
- Film
- Musikk
- TV
Data og spill
Utdanning
Mote og trender
Skolestiler
Infobasen
Spørrebanken
Kontakt oss

Du er nå her:  index > skolestiler>
MUSIKKEN TROLLBINDER

Sjanger: Essay
Forfatter: Kenneth B.
Lagt ut: 18.09.04
Skriv ut:
Forside:
Det var verst for di nye som flytta til den vesle landsbyen. Dei hadde aldri høyrd noko liknande før. Musikken var så ven og fengslande at ikkje eit einaste menneske i heile verda kunne gå forbi huset utan å stoppe eit augonblik å berre lytte. Dei fleste ville kjenne tårer kome nedover kinna og frysningar gå gjennom heile kroppen. Nora og Herman helt akkurat på å flytte inn i det nye huset sitt i utkanten av den vesle landsbyen lengst ut mot havet. Sola var på veg ned bak horisonten då den vesle flyttebilen med dei få og slitne eigandelane dei to hadde klart å skrape saman etter to år saman på ein liten studenthybel, stoppa utanfor den nye heimen deira. "Endeleg framme", ropa Herman. Køyreturen frå byen hadde vore slitsam. Så etter seks timer bak rattet i ei dårleg boble, var det herleg å få strekkje på føtene. Og huset var meir koseleg. Men det beste, syntast Herman, var utsikten. Han strakte ekstra godt på den spinkle kroppen sin, og berre pusta inn den freske sjølufta. Dette var noko anna enn dei skitne gata inne i byen. Alt var stille eit augneblink før Nora brutalt braut stilleikan. " Hei prinsen min, skal vi ikkje hjelpe dei stakkars flyttefolka med alle dei tunge møblana våre?" Natta hadde allereite brote seg på då alle møblane var plassert på riktig stad. Flyttefolka var så utsletna at dei for heim med det same Nora hadde betalt dei. Men dei to nye landsbybuarane var faktisk ikke trøtte lengre, så dei bestemta seg for å gå ein tur og utforska den nye heimen deira. Nora kunne føle det på seg. No var ho skikkeleg lykkeleg for fyrste gong på lengje. Forholdet mellom Herman og ho hadde ikkje vore heilt på topp i dei siste månadene. Og ho var framleis ikkje heilt sikker på at det eventyret Herman hadde hatt med ho jenta på universitetat var så uskuldig som han ville ha ho til å tro. Faktisk så trudde ho aldri ho kom til å tru skikkeleg på Herman. Alt det som hadde hendt den siste tida hadde gjort sitt til at ting hadde kjølna litt. Men likevel så kjenda ho ei lykke inni seg. No skulle alt bli betre. Dei kunne lære kvarandre å kjenne på nytt att. sjølv om ho aldri ville gløyme, var hun nesten sikker på at ho med tida klarte å tilgjeva . Dei stansa utanfor det gamle merkelege huset, som sikkert alle som ikkje var kjend ville ha gjort. det var nemleg ikkje helt utan grunn. Det likna ikkje noko anna dei hadde sett. Huset var stort med utskjæringar overalt. Taket var dekka med gras og alle vindauga var knust, så den milde sommarvinden smaug seg hastig gjennom den ein gong så fine rønna av eit hus. Så, plutseleg høyrde dei det. Musikken som bana seg veg inn i hovudet og ikkje ville ut igjen. Han var så gripande og vakker at dei to blei ståanda som lamma, mens dei vakre) tonane fann vegen ut av fiolinen og ut i sumarnatta. Så var musikken borte att og det enaste dei to kunne høyre, var nok ein gong berre vinden glei raskt gjennom di knuste vindauga. Det rasla stille i di gamle - trea. Mens dei stod der, så kjende Nora eit kaldt gufs ta tak i det lange håret hennar og kulda fekk ho til å skjelva. "kom, så går vi heim att" sa ho, men då ho snudde seg, var Herman borte! Fyrst trudde Nora at det berre var Herman som leika med ho, men etter som minuttana gjekk, og han enno ikkje hadde hoppa ut av buskane fantasifullt forkledt med grøna blad over heile andletet, let stemmen hennar meir og meir febrilsk. Det var fyrst etter eit kvarter ho såg spora etter dei nye skoa til Herman. Djupe traktorspor som grov seg djupt nedi den overgrodde stien som snodde seg opp til huset. Endå ein gong kjende Nora det kalde gufset ruske i håret hennar. Ho skunda seg opp stien, og gjekk inn. Huset var mykje større enn ho hadde tenkt seg. Det fyrste rommet ho kom til, var ein stor og raudmalt hall. Det hang spindelvev overalt. Store møblar var dekte til med kvite laken. På golvet var det så mykje støv at ho tydeleg kunne sjå kvar Herman hadde teke vegen. Opp den tronge og smale troppa til annen etasje. No syntest ho han hadde drive spøken for langt. Han visste eigentleg veldig godt at var det noko Nora hata, så var det nemleg tomme, gamle hus. Men modig som ho var fortsette ho oppover troppa. Vel oppe i andre etasje, såg Nora ein liten bleik skapning forsvinne rundt eit hjørne. Ho følgde etter, men ingen liten, bleik skapning var å sjå. "Sikkert berre eg som er trøtt", tenkte ho med seg sjølv. Så, plutseleg var den der igjen, den vakre, vemodige musikken. Nora blei ståande heilt stille. Så kom ho inn i ein trance, og følgde etter dei fortryllande tonane, utan å ense nokon ting. Då musikken hadde stansa, og Nora kom til seg sjølve igjen, såg ho at den lyseblå gangen oppe i andre etasje, var byttet ut med eit kaldt og fuktig kjellarhull. Der var også Herman. Han var død. Nora blei heilt stum. Ho ville skrike høgt, men ho fekk det ikkje til. I staden for gråt, kom berre nokre kvalte hikst. Ho ville ut! Ut ! Ho sprang mot den store døra, og røska så hardt ho makta, men døra rikka seg ikkje ein millimeter. Gal av skrekk sparka og slo ho i døra. Men døra stod akkurat like stødig. Plutselig var han der igjen. Den tynna bleike skapningen sveva sakte igjennom rommet. Det likna ein gut, ein sørgelig og sjuk gut. Sjølv om han nesten var gjennomsiktig, kunne Nora sjå han tydeleg. "Kven er du, og kva vil du meg! Kvifor drap du han?" Spørsmåla hagla gjennom hovudet hennar, og det var ikkje før i ettertid ho forstod at ho hadde stått der og snakka med eit spøkelse, utan å vere redd. "Eg måtte drepe kjærasten din, akkurat som eg må drepe deg. Å drikke dykkar blod er den einaste måten eg har å overleve på." "Men kvifor vil du fortsetje å leve då da?" undra Nora. Eg lever ikkje. Eg er eit gjenferd som går att i dette huset. Du forstår, då eg var liten gut, blei eg misbrukt av faren min. Det enda med at han drap meg. Han drap meg med ei øks og grov meg ned i hagen under eit av dei store poppel trea. Difor har eg vandra rundt på denne eigendommen i over hundre år. Den einaste måten å fortsetje dette på var å drepe folk og etterpå drikke blodet deira. Grunnen er at eg aldri har blitt gravlagt på ein skikkeleg måte, i kristen jord." Guten tok til å gråte. Heile den vesle utslitne kroppen rista og skalv. Men akkurat idet Nora skulle bøye seg fram for å halde rundt og trøyste han, tok gjenferdet tak i øksa si og hogg hovudet av ho. Akkurat då bladet traff nakken, kikka Nora opp på guten med eit blikk ikkje ein gong eit spøkelse kunne gløyme. "Du skal vite at eg elska han. Høgt." Sola var på veg ned bak horisonten då den vesle flyttebilen svinga opp framom det vesle huset i den koselege landsbyen lengst ut mot havet. Nå skule familien Olsen flytta inn!
annonser: