Forside
UngBlog
Aktuelt
Sport
Kultur
- Film
- Musikk
- TV
Data og spill
Utdanning
Mote og trender
Skolestiler
Infobasen
Spørrebanken
Kontakt oss

Du er nå her:  index > skolestiler>
Nasjonalromantikken

Sjanger: Kåseri
Forfatter: Leiv Jacob Fasmer
Lagt ut: 20.09.04
Skriv ut:
Forside:
Nasjonalromantikken og kva den har gjort med oss... Valdres er eit flott stykkje Noreg. Folk kjem og har kome langvegsfrå for å sjå på, og for å måle denne "nydelege" naturen. Det er kaldt og surt er det! Målarar som J.C.Dahl og Thomas Fearnley måla til skrekk og åtvaring. Dei sa til ungane at var dei ikkje snille, så blei dei sendt der det bilete i stua var måla. Epoken då det var "in", utroleg nok, å digge Noreg og norsk, blei av alle ting kalla romantikken. "Romantikken i denne tydninga må ikkje blandes i hop med å kysse nabojenta i bakhagen", sa alltid læraren. Eg meinar han snakka tull, det er jo kjærleik begge delar. Kjærleik til eit, eller fleire, menneskje og kjærleik til ein haug med fjell, grus og tre som vi høgg ned. Eg vil seie at vi er framleis inne i denne epoken, med hud og hår, han slapp aldri taket på oss nordmenn. Så kva er det med den norske naturen? Kvifor elskar vi han? Har han vore med å skape nordmennene slik vi er i dag? Eg trur nok det! Nordmennene fall med mann og mus ned i dalstrøka, og fann aldri vegen ut. Skal vedde på at nordmenn vart oppdage før indianarane. Men ingen vil seie noko om det fordi det ikkje var noko å skryte over. Menn nordmenn er nordmenn og vi står saman. Langs heile kyststripa vaier flagga høgt og lågt om somaren, ved alt i fra trehundrekvadratmeters hytter, bygd av dugelege norske forretningsmenn, til sju-og-ein-halv-kvadratmeters varianten, bygd av ein luguber snekkar frå Danmark. Rik, fattig, vellykka, udugeleg, stygg og mindre stygg; alle står vi saman. Mot dei andre; tyskarar, engelskmenn, tyrkarar, burmeserar og alle dei andre unorske. Kvifor er dei unorske? Dei er ikkje så vellykka som oss nordmenn....det er det dei ikkje er. Ikkje noe land i heile verda er så bra som Noreg. Vi har masse pengar, sjukehuskøar, 17.mai, isjias og ein norsk kjernesunn kulturarv som vi er stolte av - men vi er ikkje nasjonalistiske! Kan eg då få spørje, ...på kva for eit grunnlag vart det då skrive ei bok om det å vere " ein riktig mørkhuda " i Noreg? Rett nok er boka meint som eit humoristisk innslag, men om det går an å spøke med noko sånn, må det vere grunnlag for det. Nordmenn, overpatriotiske? Vi?....Nei, ikke vi!! Nordmenn er særeigne. Vi er like patriotiske som amerikanarane, men opne for impulser utanfrå, og så er vi så opplyste. Amerikanarane veit ikkje eingong kor Noreg ligg på kartet. Nordmenn gjeng på skule, på jobb, på trygd, på skinner, på hundelort og på plen og protesterer aldri. Vi er så siviliserte. Har noen nordmann noengang starta ein krig, i nyere historie? Nei. Vi meklar! Det er det vi gjer. Det finst ikkje ein krig i heile verda der ein eller anna knøl ikkje er blanda inn. Einaste grunnen til at partane skriv under på våpenkvilen, er at dei vert truga med å bli som han raringa borte i kroken. Eit anna godt eksempel på kor treige nordmenn er, er utvandringa til USA. Dei kjem til eit kontinent som svulmar av moglegheitar. Ein kunne gjere nett så ein sjølv ville! Aller dørar opne! " Eg trur eg vil bli bonde.." og det blei dei. Ingen nordmenn som vandrar ut til Amerika blei noe stort. Dei inntok automatisk dei lågaste stillingane i samfunnet og blei bønder! Det finst eit unntak, Warren Christoffer (sen), som fekk jobben som utanriksministar, på grunnlag av utsjånaden sin. Vågar noen å seie Warren imot? Mannen er jo så gammal og sliten at seier du "nei" til han så risikerar du å bli stempla som ei morder.......... Eit resultat av nasjonalromantikken. som framleis pågår, er nordmannens brilliante idear når det gjeld rettferd mellom språka våre, etter min meining språket . Etter tusen år bak ein plog har dei parallelle linjene gått oss til hovudet. Eit av resultata er at tusenvis av unge nordmenn flittig strøymer til lærestaden for å gjere 4 heildagsprøver i to fag som er så forskjellig som sola og eit spegelbilete av det same fenomenet. Nordmenns viktigaste plogførar; bokmål og nynorsk. Ingen nasjon er så firkanta at dei må ha to språk fordi leiarane krangla om orda skulle ende på -ar eller -er, om det heiter "eg" eller "jeg". Det er særdeles viktig at minoritetane får holde på særtrekka sine. Er "eg" definert som særtrekk? Er "ikkje" eit særtrekk? Sei heller "særeigne endingar på ord som det ikkje er skildnad på viss ikkje nordmenn hadde vore så firkanta og "squareheaded" !!! Ingen bøller med ein nordmann. Døøøhh! Nett no høyrde du det ordet "squareheaded" eller har du høyrd om "blockheaded". Det er oss! Vi vert kalla "sqareheads" og "blockheads" !!! Er de klar over at det har vore laga TV-serier om oss? Mr.Bean! Mr.Bean er eit typisk døme på ein nordmann i utlandet. Vi skjønar ikkje eingong at det er oss alle ler av! Nerdar! Vi blei skapt på den sjuande dagen. Rett etter vi var påbegynte, ville Gud ha seg ein høneblund og sov bort heile søndagen. Då han vakne, var det mandag att. Då han så det halvferdige resultatet, plasserte han oss i ein utpost og håpa vi skulle døy av kulde; men omløpet i hovudet på nordmenn er så lågt at kroppstemperaturen synker. Vi er kloninger av Rande Erik.... Media bringer nordmenns gode vilje inn til alle dei trofaste slitarane heime i koia i dala. " Noreg går så det suser i serken! " "Norsk økonomi i ypperste verdensklasse!"..... Til og med i Grand Prix, som er den største "Noreg mot Europa"-konkurransen, vert det stilt spørsmål...: "Du ju spik æni nårvidjæn?" " Ja, lite gjanne..! " svarar Johnny Logan og er fortapt noregsven. Vi er unike! Alle elsker oss! Kom attende ned på jorda...Ingen veit kven vi er.....Vi veit det knapt sjøl eingong! Alt det vi har og trur vi er, er ikkje verdt så mykje som ein ungarsk ost! Dei veit ikkje kven vi er! Vi er den vetle drittungen som var den einaste som leika utanfor barnehagen, og hadde mykje finare leikar enn alle dei andre innafor. Poenget er at dei ikkje veit kven vi er og vågar ikkje å sleppe oss inn. Vi er taparane. Vi står utanfor. Men ærpreg har vi. Mykje nasjonalkjensle - men vi er ikkje nasjonalistiske! I Tyskland dro Hitler i gang sirkuset mot utanforståande, riktignok aggressivt, men i Noreg står folka samla, utan ein stor leiar! Svenskane skal vere glade nordmennene aldri fann opp kruttet. Då hadde Sverige vore så reint, desinfisert og kjemisk rensa som Mr. Universe i eit nonne - kloster. Nei, så smarte blir vi aldri! Men smarte er vi då læraren spør: " Kva er nasjonalromantikken? " Jo, då svarar vi nemleg at Noreg er nasjonalromantikken!! Vi er per definisjon nasjonalromantikken! Vi elskar oss sjølve og landet vårt, vi har erotiske fantasiar som heiter " Noreg, wet'n'wild ". Vi elskar flagget vårt. Gi ungane sine eige flagg tidlegare. La dei få eit flagg klistra i panna. La dei merke at dei er norske og skal vere det heilt til pacemaker nr.13 går kaputt og respiratoren er mosegrodd! Du er nordmann!! Leiv Jacob Fasmer
annonser: