Forside
UngBlog
Aktuelt
Sport
Kultur
- Film
- Musikk
- TV
Data og spill
Utdanning
Mote og trender
Skolestiler
Infobasen
Spørrebanken
Kontakt oss

Du er nå her:  index > skolestiler>
Kåseri om Ivar Aasen

Sjanger: Kåseri
Forfatter: Stine Brovold
Lagt ut: 20.09.04
Skriv ut:
Forside:
Kåseri om Ivar Aasen "Det var med Aasen nynorsken definitivt tok farvel med fjøset." Eg er no ikkje så sikker på det… eg trur nok at i fjøset til bonden på Øvre Fall står det 45 kuar og rautar nynorsk samsvarsbøying enno. At Aasen jaga nynorsken ut av fjøset, det har eg ikkje noko tru på i det heile tatt. Eg sat her om dagen og tenkte eg skulle skrive eit kåseri om nettopp Ivar Aasen. Eg var ikkje heilt sikker på kva eg skulle skrive, men då eg bladde gjennom nynorskboka vart eg passe provosert, blant anna av sitatet øvst på sida her. Eg vil berre ha sagt at hadde det ikkje vore for Aasen, så hadde det ikkje vore nokon nynorsk! Før han var det dansk - og dialektar. Vanlege, norske dialektar utan det vesle innslaget av svensk som av og til dukkar opp i nynorsk og i halvsvenske, austlandske bygder. Før Aasen skal eg vedde på at dei prata forståeleg dei og. Somme tider lurer eg på om ikkje Aasen hadde eit fritidsproblem. Kva er det som får nokon til å vandre rundt og konstruere sitt eige språk? Akkurat som J. R. R. Tolkien levde Aasen i si eiga fantasiverd og laga seg eit språk som berre han forstod. Den store forskjellen ligg i måten dei formidlar språka sine på: Tolkien tok i det minste såpass med omsyn at han laga ei eiga verd til språket sitt. Aasen, derimot, han kunne nok ikkje dy seg. Språket hans var jo så bra, at heile Noreg måtte lære det. Aasen var vitskapsmann. Eigentleg var det ein genial ide å finne ut korleis norsken hadde vore i dag, hadde det ikkje vore for danskane. Gammalnorsken, som nynorsken byggjer på, må jo vere det norskaste av det norske. Problemet er berre det at i den seinare tid har Norsk Språkråd og anna djevelskap prøvd å få til noko dei kallar samnorsk. Hadde det ikkje vore lettare å lære nynorsk viss det ikkje hadde vore så mange tillatne former? Slik det er i dag, kan vi velje mellom mange endingar og bøyingsformer. A-endinga er vel ikkje noko Aasen fant på. Aasen likte i-endinga mykje betre, soli, sa Aasen, ikkje sola. Kvar den a'en kjem frå, det er for meg eit mysterium. Det er vel berre noko norsklærarane har funne på for å gjere det litt vanskelegare. Stakkars Aasen. Han ville berre gjere den norske folkesjela godt, men så vart det ikkje heilt slik han tenkte. Kven ville trudd at desse trauste, sta nordmennene heller ville prate halvdansk enn gammalnorsk? Det han oppnådde var at fleire hundre tusen skoleungdommar fekk motførestellingar mot kulturarven sin. Eg klarar ikkje å la være å tenkje på kva ei kvinne kunne gjort for å forhindre all denne vondskapen. Aasen hadde jo eit godt auge til ei jente ein gong, og han hadde neppe byrja med noko slikt viss ho hadde sagt ja til han, og ikkje funne seg ein annan. Kva ville skjedd om Aasen hadde funne den store kjærleiken? Kanskje han hadde dedisert nynorsken til henne? Eller kanskje han hadde vorte familiefar med 1,8 ungar, Volvo stasjonsvogn og gulpeflekkar på skjorta? Personleg er eg overbevist om at han hadde slått seg ned på eit lite småbruk på Vestlandet, der han kunne snakke med kyrne sine så mykje han ville. Om det no verkeleg er slik at Aasen jaga nynorsken ut av fjøset, vil eg slå eit slag for å jage han inn att!
annonser: