Forside
UngBlog
Aktuelt
Sport
Kultur
- Film
- Musikk
- TV
Data og spill
Utdanning
Mote og trender
Skolestiler
Infobasen
Spørrebanken
Kontakt oss

Du er nå her:  index > skolestiler>
10-kroners-deppe- periode

Sjanger: Kåseri
Forfatter: Leiv Jacob Fasmer
Lagt ut: 20.09.04
Skriv ut:
Forside:
Sumar. Sumarjobb. Jau, ungdom i dag gjer alt for å skaffe seg ein av desse sumarjobbane. Kva arbeidet gjeng ut på bryr dei seg ikkje om; så lenge ung-domens Ola Nordmann kan med handa på hjarte seie " Eg har fått sumarjobb!", så har han ikkje berre sikra seg nokre myntar i baklomma; nei, gutane i gjengen ser no opp til han og spring deretter febrilsk rundt i kvar ein butikk dei får augo på for å trygle om denne ævelege sumarjobben... Om arbeidet gjeng ut på å mjølke kua til bestefar eller berre å vere vakt på ein fisketrålar, det bryr dei seg ikkje noko om...men kvifor denne trongen til å skaffe seg jobb om sumaren? Då skal ein jo nyte ferien og slappe av i den herlege sola. Hadde det ikkje vore ein betre idé å flytte sumar- jobben litt ut på hausten...og kalle det haustjobb? Det er ingen som har høyrd om noko slikt som haust- eller vinterjobb før. Men sumarjobb veit me kva er. For det er den tida då alle dei ungdomane som kanskje ikkje har jobb utanom skula, er i fullt arbeid...og sveitta renn. Dei jobbar så hardt og lenge at sveitta ikkje stopper å dryppe i frå panna deira før langt på natt. Kva er drivkrafta bak det heile? spør eg meg sjølv. Pengar. Pengar, pengar og atter pengar. Har vi ikkje alle høyrd samtalen mellom to ungdomar som nettopp har teke imot den glede-lege meldinga om at sumarjobben var " i boks " ; "Kor mykje får du?" - det obligatoriske spørsmålet kjem i frå den eine av dei to. Den andre svarer noko lågt: " 55 kroner i timen." Og med eit bryt den andre ut i latter og fortel at han har sikra seg heile 65 kronestykkjer i timen...altså 10 kroner meir! Den gode meldinga om jobben blir straks ikkje særleg gledelig meir. Det er no sur-mulinga om at dette var urettvis starter, og det er ikkje uvanleg at denne depresjonen tek slik inn på ei ungdom at...ja, heile ferien gjeng i vasken. Det er denne fasen i sumarjobben eg kaller "10 kroners-deppe-perioden". Nei, eg spør derfor igjen; kunne me ikkje ungått denne perioden om me hadde hatt ein haust- og vinterjobb i tillegg? Då kunne jo ungdomen få fleire sjanser til å bli velnøgd med jobben sin! " Jobben sin - jobben min." - Jau, dei uttrykka har me alle høyrd ung-domar med sumarjobb ta i bruk. Dei snakker som om dei driv heile jobben på eiga hand. For ungdomar er stolte over jobben sin, og eit skjeivt ord i veneflokken kan fort utløyse vanskar. Etter å ha streva i fleire veker med å skaffe seg jobb, kjem det ein dust i vene- flokken og slengjer nokre ytringar om den tåpelige "jobben din". Ein leiter etter eit godt svar, og ein siste freistnad på å prøve å forsvare sin byrgskap, blir noko svakt og låtteleg: " Ikkje eit ord til om jobben min; du har jo ikkje jobb ein- gong....". Altså desse sumarjobbane skaper også mange problem i veneflokken. Det er ikkje uvanleg med eit klart og tydeleg "NEI" når det venlege spørsmålet " Skal du vere med på kino i kveld?" kjem... Nei, her set me jobben fyrst, og ein svikar gjerne venane sine. Man blir stempla som usosial og sjølvkjær; tenkjer berre på seg sjølv og det å tjene pengar, men etter sumaren har ein vel tid til venane sine. Nei, det har ein ikkje, for då skal jo ein bruke pengane! Jau, då skal man reise langvegs for å gjeste dei milelange strender i Middelhavets sumarparadis. Her ligg ein og velte seg i sola i to veker før ein vender snuten heim att igjen til den stressande kvardagen, og denne venegjengen som støtt blir mindre og mindre... To veker, ja. Kor er ferien blitt av? Nei, hadde desse jobbane vore lagt til andre tider, som for eksempel på hausten og om vinteren, hadde ein truleg hindra denne stoda. Noko som eg tykkjer er særs naudsynt. Naudsynt er det også at tilhøvet mellom arbeidaren og arbeidsgivaren er godt. Oftast fungerar dette bra, men det hender at arbeidsgivaren ikkje er særleg nøgd med sin nytilsett. Og vonbrotet har bygd seg opp gjennom heile sumaren før denne ungdomen ble tilsett; jau, for i den tiden har jo arbeidsgivaren vore særs så oppteken med å motteke telefonar i frå andre ivrige sumarjobb-jegerar. Og den tvilsame orsakinga blir teken i bruk kvar einaste gong :" Nei, me har diverre ikkje rom for deg..." Sjølvsagt har han"rom" til ein ærleg løs-arbeidar, men han har vel ikkje det minste omgrep om kva ordet sumarjobb inneber. Ungdomen har ingen vanskar med å godteke ei ussel jobb som å luke ugras i ei dyster bakgard i 8 timer kvar dag!. Det er jo fabelaktig det. Igjen er drivkrafta pengar, og det veit arbeidsgivaren særs godt. Og igjen, hadde det ikkje letta presset på arbeidsgivaren om ein hadde sveiva i gong nokre ordningar om vinterjobb og ei mogleg haustjobb? Då ville alle partar smile breidt og ungdomen ville stadig hatt nokre raslande gjenstander i bak-lomma, ikkje berre om sumaren! Apropos sumaren så maå jo det vere sagt at ein av dei mest naudsynte grunnane til at denne sumarjobben er så aktuell, er nettopp på grunn av ungdomens ærgjerrige planer om å reise ut av landet kvar einaste sumar. Utan omsyn til det flotte vêret her heime i Noreg, vandrar dei ut mot det store, eksotiske utland der ein gransker nye ukjende stader og kulturar. Men nok ein gong er spørsmålet pengar, og løysinga er vel sumarjobb. Sumarjobb? Kven har sagt at dei er 100 prosent sikra ei sumarjobb? Nei, ofte planleggje ungdomen desse feriane fleire månader før avreisa, men det er ofte at det aldri bli noko avreise. Og igjen kunne ein vel ha kome seg unna dette dilemmaet om om det hadde blitt tatt i bruk ein haust- og vinterjobb. Då hadde jo alle ungdomane fått ei lik sjanse til å tjene dei pengane som skulle til for ferien. Nei, dette burde me ha tenkt på før... Å tenkje burde vel også ungdomen gjere iblant; me er jo alle samde at om ungdomen hadde lagt desse evige feriane betre til rette, så hadde ikkje dette problemet vore så synleg. Det skulle jo vere enkel matte-matikk at for ei arbeidsgivar å svare "ja" til ein av desse sumararbeidarane på to vekers varsel, kjem til å skape nokre problem. Men som me tydeleg ser, så har ikkje ungdomen i dag heilt kontrol-len på "matten". Nei, me skulle vel alle ynskje å høyre nokre fleire lystelege "bravo-rop" i frå ungdomen når me taler om sumarjobbar, og for aller siste gong spør eg deg, hadde ikkje eit tilbod om ei haust- og vinterjobb vore ei utruleg god idé med tanke på ungdomens "feriejobb-framtid"? av Leiv Jacob Fasmer
annonser: