Forside
UngBlog
Aktuelt
Sport
Kultur
- Film
- Musikk
- TV
Data og spill
Utdanning
Mote og trender
Skolestiler
Infobasen
Spørrebanken
Kontakt oss

Du er nå her:  index > skolestiler>
Knut Hamsun

Sjanger: Biografi
Forfatter: Maike
Lagt ut: 01.03.05
Skriv ut:
Forside:
Knut Hamsun (1859 – 1952)

Knud Pedersen kom til verda den 4. August 1859 i Lom ved Gudbrandsdalen. 4 år seinare flytta familien til Hamarøy i Nordland. Når Knut blei 9 år, vart han tvangsflytta til sin onkel, som byte mot gjeld foreldra hadde. Onkelen, Hans Olsen, var ein svært religiøs og humørsjuk gammal mann. Knud lika seg så lite at han hogde seg sjølv i beinet for å komme heim til foreldra. Eit av dei små lyspunkta i tilværet var onkelens bibliotek, kor han i fritida, for det meste var å finne langt inne i ei bok. Det var her han for fyrste gong ”møtte” Bjørnson, brørne Grimm, og andre populære forfattarar. Dette gjorde nok sitt til at Hamsun sjølv ein dag blei ein verdskjent forfattar.

14 år gammal slutta Knud skulen, reiv seg laus frå onkelen og reiste ut i verda. Han levde eit uroleg liv, og prøvde seg i fleire yrker. Han var krambusvein og skreppekar, skomakarlærling, lensmannsbetjent og skolelærar, men det var skrivinga som stod han nærmast. Knud gjorde noen forandringar med namnet sitt. Fyrst heilt i det små, ved å forandre ”Knud” til ”Knut”, og seinare ”Pedersen” til ”Pederson” og til slutt ”Pederson” med ”Hamsun”, etter namnet på sin heimstad, ”Hamsund”. Seinare drog han til Kristiania for å prøve lykka. Dessverre var det ikkje mange som var interessert i det han skreiv. Knut var fattig, aleine og desperat, og han gjorde som mange andre nordmenn på den tida; Han drog til Amerika.

Etter to år i Amerika kom Knut tilbake til sitt fedreland, og fekk sin første ordentlege bok, ”Frå det moderne amerikas aandsliv” på trykk. (1889). Det er ein bitande og sarkastisk beskriving av det amerikanske forbrukarsamfunnet. Før han gav ut denne boka, reiste han i 1888 til København kor han offentleggjorde novellesamlinga ”Sult”, som seinare ble gitt ut i utvida bok form i 1890. Den sjølvbiografiske ”Sult” var nyromantikken sin begynning i Noreg, og det gjorde at Knut vart satt på kartet.

I 1891-1892 reiste Knut på foredragsturnè frå Bergen til Kristinia. Han angrep heile Noreg sitt litterære åndsliv, blant anna dei fire store, Bjørnson, Ibsen, Kjelland og Lie. Knut meinte deira naturalistiske typedikt, og deira flate samfunnsskildring var feil. Han ønskja heller ein litteratur som skildra natur, stemning og det ubevisste sjeleliv.

Knut og dei andre nyromantikarane var svært interessert i kvinna. Dei skjønte seg ikkje heilt på ho, og syntes ho var litt underleg og mystisk.
Det var noko med ho som dei ikkje heilt klarte å finne ut av, og dei elska det! Dette kjem godt fram i dei to romanane ”Pan” (1894) og ”Victoria” (1898). Her tok han også i bruk ein ny skrivestil, som kan seiast å være dikt i prosaform, eller prosalyrikk. Knut brukte gjentakingar, klang og rytme, og romanane fekk ein lyrisk og personleg stil.

I 1898 skulle Knut sjølv få oppleva kjærleiken. Han gifta seg for fyrste gong med Bergljot Goepfert, og dei fikk dottera Viktoria i 1902. Ekteskapet heldt dessverre ikkje, og dei skilte lag i 1808. Etter dette gjekk det ikkje meir enn eit år før han fann si kone for livet ut. Han møtte Marie Andersen. Marie var ein ung og lovande skodespelar, men ho droppa alt for å være i lag med Knut. Dette tydar på at Knut var ein ganske spesiell person, og at det var ein ”klikk” mellom dei to frå fyrste augeblikk. Dei busetja seg fyrst på Hamarøy i 1911, kor Knut skreiv bøkene ”Den siste glæde”(1912), ”Bjørn av tiden” (1913), og ”Segelfoss by” (1915). I 1917 skreiv han si siste bok her, som blei hans mest kjende verk, ”Markens grøde”. Tre år seinare fekk han Nobelprisen i litteratur for denne boka.
I 1918 kjøpte ekteparet ”Nørholm”, eit gammalt herresete mellom Lillesand og Grimstad. Dei levde her resten av livet. Like før dei flytta inn blei dottera Cecilie fødd. Ho var den siste i syskenflokken på fire, etter Tore, Arild og Ellinor.

På Nørholm fortset Knut å skrive bøker, blant anna trilogien om landstrykaren August. I 1936 ga han ut sin siste roman, ”Ringen slutta”. Då var han 70 år gammal, og sa ”No har eg skrive eg ønskjer å skrive.”

Så braut 2. verdskrig ut, og Knut valde å støtte nazistane.
Kvifor gjorde han dette?
Svaret finn vi i fortida hans. Han hadde lenge vist at han mislika britane. Dette kjem godt fram i fleire av bøkene hans.
Han meinte det var dei som hadde skapt den moderne verda som han ikkje likte. Ein anna grunn til at han ikkje lika britane var sikkert at han aldri hadde slått gjennom i England. Han blei aldri noko stor på den øyen ute i havet. I Tyskland derimot selde han masse. Det var eit av dei fyste landa kor han slo gjennom som forfattar. Det er heller inga løyndom at Hamsun var svært interessert i tysk filosofi, alt på 1890-talet.
Knut skreiv fleire artiklar i blad og aviser der han heilt klart støtta nazistane, og prøvde å overtale nordmenn til å gravleggje stridsøksa. Han prøve å overtale Per og Ola Nordmann til å frivillig bli ein del av Hitlers rike. Han meinte at Tyskland ville verne dei frå engelskmenna.

Hamsun fekk ofte brev frå nordmenn som lurte på om han kunne hjelpe deira familie og venar som satt i tysk varetekt.
Han og sonen Tore var fleire gongar i kontakt med Terboven, den øverste ledaren for det sivile styret i Noreg, og bad om at dei skulle gi nåde til norske fangar.

I 1945 møtte Knut Hitler på festninga Berghof i Østerrike. Her fortalde han korleis norske fangar blei behandla under den tyske okkupasjonsmakta. Knut blei avvist av Hitler, og måtte dra tomhendt heim Noreg.

Ingen kunne forstå kvifor ein oppegåande forfattar som Knut kunne støtte nazistane og det dei sto for, så etter krigen blei Knut satt til psykiatrisk observasjon på Gaustad.
Han fekk diagnosen ”varig svekka sjelsevner”, og Nørhom blei beslaglagd. Dette lika Knut lite. Han ville bli stilt for retten, og få sin dom, som vanlege menneskje.
Han fekk det som han ville, og i 1947 fekk han ein bot, som var så stor at han ville være ruinert for alltid.

I 1949, 90 år gammal skreiv han sin siste bok, ”Paa Gjengrodde Stier”, som var ein blanding mellom forsvarstale og dagbok. Her fortel han om korleis arrestasjonen, tiltalen for landssvik og Gaustad opphaldet var for han, og kva for eit inntrykk han fekk av det heile. Det var eit meisterverk av ein bok, og satt skuldinga ”varig svekka sjelsevner” i eit litt dårleg syn.
I 1950 fekk han flytte tilbake til Nørholm og kona. Då han trefte ho igjen for fyrste gong sa han: ”Du blei lenge, Marie. I all den tida du har vore vekke, har eg ikkje hatt andre å snakke med enn Gud….”

No i ettertid er Knut Hamsun elska og hata for tekstene og meiningane sine. Nokon meinar at Nobelprisen i litteratur aldri var blitt tildelt nokon som fortjente den så mye som Knut, mens andre meinar ikkje meir om han, enn at han var ein hjartelaus nazist, som gjekk imot sitt eiga land. Men same korleis du ser på det så har Knut vore viktig i nyromantikken og litteraturen både i Amerika og i Europa.
annonser: